Skyteteori
Under arbeid — notatar og forklaringar etter kvart som eg skriv dei
Innhald
Kulebane
Teori om kulebane.
→ Ballistisk kalkulator og knepptabell
Vindavdrift
Teori om vind.
Sikting
Fokus skal vere på kornet/siktorgan — ikkje på skiva. Auga kan berre fokusere på éin stad om gongen. Siktebildet skal vere likt frå skot til skot; sjølv eit perfekt avtrekk hjelper ikkje om siktbildet varierer.
Kornstilling
Kornet skal stå midt i kornkassen (diopter/ringsikte) og korntoppen i flukt med kanten av kassen. For lite korn gjev høge skot, for mykje korn gjev låge skot.
Avtrekk
Avtrekkaren skal trekkjast jamt bakover utan at rifla flyttar seg. «Press og overrask deg sjølv» er eit vanleg råd — du skal ikkje vite nøyaktig når skotet går.
Vanleg feil: å «bite» avtrekkaren i det du trur skotet skal gå. Dette gjev rykk og treffer lågt.
Pust
Pust normalt, pust ut halvvegs og hald. Skyt innanfor dei neste 6–8 sekunda. Held du lenger, begynner kroppen å kompensere for oksygenmangel og musklane spenner seg.
Sida er eit personleg notatark — ikkje ein fasit.